Multifunksjonal tavle i tre

Her er mi multifunksjonale tavle i tre. Det er Snekkeren som har designa den og laga den, etter eg hadde forklart korleis den helst skulle vere. "Grovplanka, så og så stor og av gammalt materisle." Eg har sett ei anna tavle i tre i eit blad, den var meir perfekt, med ei ramme rundt. Vedkommande hadde "interiørpynt" og bokstavar på ho. Det var óg veldig fint, men eg har for augneblinken behov for ein plass til å ha bilete, kalender, viktig post og ikkje minst NYDELEGE barneteikningar. Og så synes eg at det er fint når den grove kanten vises i endane.

Tidligare i vinter gjekk me opp i skogen vår og tok ned noko gammalt materiale frå ein flor. Det hadde vore brukt som gjerde mellom sau og fòr, men det hadde gjort si gjerning, så det skulle få nytt liv!

Eg likar veldig godt det materialet blei til, og kan tenkje meg fleire tavler i tre i huset, (over kontorpulten eller på hobbyrommet for eksempel.) Tanken min er at eg kan slå i så mange spiker, nagler og stifter eg vil, og når eg ein dag vil ha det vekk, då kan eg ta ned tavla og så er det ein fin kvit vegg bak med to spikarhól i.. Lurt.

Og om ein ikkje treng ei stor oppslagstavle, så fungerer ho óg som eit kontrast-element på veggen, ein kan bruke den som bildevegg eller vise fram andre ting ein likar godt!

Andre idéar til kva ei slik tavle kan duge til??

Ønsker deg ein fiin fredagskveld!! :)

Rustik bad.

På badet vårt har me ein gamal tømmervegg. Resten av rommet har fliser, samt treverk i taket.
Framføre tømmerveggen, eller "timmrå", står det eit skap, med ein vask, ein spegel og ei lampe.
 
Spegelen er frå Indiska, lampen er frå Bloomingville.
 
 
Vasken og flisene er frå Megaflis.
Sjenken er frå dei kjekke naboane me hadde på Tasta, dei skulle berre kvitte seg med dei!
Såpedispenser frå Lisbeth Dahl.
 
 
Kva synes du om badet vårt??
 

Kobberlampane!

Å vere på jakt etter fine lampar er både kjekt og vanskeleg. Kjekt - når ein gjer eit kupp, vanskeleg - når ein ikkje veit kor ein skal gå for å finne det ein har sett føre seg. Denne gongen ville eg ha "noko som ingen andre har", og eg gjekk på jakt i nokre gamle lager. (Etter tips frå ein som visste det var nokre lampar der..)
 
På eit lager fann eg desse to fine lampane - akkurat den sorten eg kunne like! Heilt "nymotens", haha, i kobber-farge! Dei høyrde til det gamle bakeriet til Tonstad Bakeri på Tonstad, og dei pleide å henge over kaffe-borda i butikken, der kundane skulle sitje. Det er i alle fall over tjue år sidan dei var i bruk, om ikkje lenger si. 
 
 
Med bakaren si signing vart lampane mine, til ein veldig god pris! Eg gjorde eit kjempekupp!!
Vel heime på småbruket vårt, som me no har flytta inn i(!), fann Snekkeren fram tong og drill. Nokre ringar måtte klypast av, ledninga måtte få ny kontakt, og lampane blei hengt opp over kjøkkenøya vår.
 
 
Me lurte lenge på om me skulle ha dei over spisebordet i staden, men når me fann ut at dei passa best over kjøkkenøya, ja, då såg det ut som om dei alltid hadde henge der!
 
Slik ser det ut på kjøkkenet vårt no:

 
Den delen av kjøkkenet som ikkje syntes er sjølvsagt full av koppar og kar som ikkje har fått ein plass endå, ting tar tid, men snart vil forhåpentlegvis det meste være på plass!!:)
 
Ha ein fortsatt fin lørdagskveld! :D

Spisebord med kvit olje!

Nå er me i hus og har allereie sove ei natt! I går flytta me det meste me treng, men må nok ta litt meir etter kvart!

Snekkeren byrja i går med å snekre saman eit spisebord til oss, han brukte eiketre-plater frå Profftre og bordbein frå Ikea. Han har olja det med ei kvit benkeplate-olje, og i dag hadde me ferdig spisebordet.

Me er fornøgde.

Stolane er nokre gamle og nokre nye. Dei mint-grønne er mala med JotunLady, medan den rosa har eg faktisk spraya med spray-maling frå Biltema.

Utvask..pågår..

I dag er utvask-dag nr.2! Tru kor mange dagar det vert.. Bøttevatnet vert utruleg skitten når me vaskar tømra. Mykje sot og skit som har vore der i sikkert hundre år. Me håpar uansett at me blir ferdige til søndag! #måberreståpå!!

Kjøkken og lampar!

Ei bittelita oppdatering på korleis alt er akkurat nå!
Litt "tepper" på golva som etter kvart går vekk når ting vert ferdig. Me manglar framleis eit par essensielle ting som lampar, tepper og hyller/møblar før me kan sei oss heilt nøgde med innredninga før innflyttinga. Men utvask kan me byrje med i morgon. Velkommen om du kjenner kallet til vaskebøtta!:D
 
Kjøkkenet er ferdig, sjølv om det er mykje rot på dette biletet.
Kjøkkenet er kjøpt i Egersund der me har fått N -innredning, ein nydeleg SMEG-steikeovn og eit heilt genialt blandebatteri kalla Quooker - "den kogende vandhane"!!
 
 
 
Elles så har eg funne nokre lampar som eg trur vil passa inn hos oss, slik ser dei ut:
 
Bilete frå designbelysning.no

Bilete frå designbelysning.no

Bilete frå living.no
 
Og på eit gamalt lager fann eg desse to lampane, dei tilhøyrde det gamle bakeriet, men eg er usikker kor og kva tid dei blei brukt. Dei som var i butikken heng der framleis.. Eg har tenkt å ha dei enten over øya, eller over spisebordet. #valgetskvaler
 
 
(Flaks for meg at dei er heilt IN i år då. KOBBER!)
 
På loftet, i loftstua, har me hengt opp lampa me hadde på Tasta. Den ser litt stor ut på dette bildet, men eg trur det vert bra.. Hehe..

 
 Då må du som les ha ein finfin kveld!! :D
 

Mimre litt tilbake til... DÅP

Det gjekk opp for meg her ein dag då eg bladde gjennom bileta mine, at eg ikkje hadde skrive noko om dåpen til lillegutt. Nå er guten vår snart sju månadar, og det er fem månadar sidan me døypte han på Bedehuset i bygda vår. Ein stor dag - som eg gjerne vil dela bilete frå - med mykje kjekke folk, ein stor hending og ein fin fest etterpå. Bileta er sjølvsagt av pynt og kakene.. ;)

Sidan me var på bedehuset og ikkje i kyrkja måtte me lage døypefonten sjølv. Denne skåla fekk me til bryllaupet vår, og den var perfekt i størrelsen. Me brukte kvite roser og blå markblomar. Dei blå kornblomane planta eg i byrjinga av mai og var livredd for at dei ikkje skulle stå i oktober. Men så vart det så mildt at dei stod og stod. Døypekanna er ei gammal tekanne i sølv og dåpslyset er eit blått kubbelys som står på eit gamal sølvfat. 

 
Dåpen føregjekk under eit føremiddagsmøte, og det var min far som døypte, då han er leiar i den lokale misjonsforeininga her. Det var veldig fint.
 
Etter dåpen var det kaker til heile forsamlinga. (Litt sånn "African style" som me likte så godt då me var i dåp til nevøen i Afrika.) I dåpen til lillegutt var det omtrent 100 personar som hadde møtt opp for å få med seg det store! Og det var heilt fantastisk for oss at så mange ville vera med og bera lillegutt fra for Gud!

 
På kakebordet var det to "dåpskaker", og tradisjonen tru: ei kransekake, fleire nøttekaker, eplekaker og sjølvsagt Bestefars fløtekake med multer. Dei små kvite med blå rose på kallar Bestemor for "Kvit dame", ellers så var det mykje muffins, pop-cakes og rullekaker + nonstopkaka! Noko for ein kvar smak.
 
Bestefar laga alle kakene og eg pynta dei: 

 




Desse muffinsane vart eit team-arbeid mellom mine fine systre og mine fine naboar. Eg syns dei er knallkule! :) Det gjorde ungane òg... ;)

 
Til ungane som skulle vere med på middagen etterpå var det godteposar i Petter-kanin-stil, "matchande" sugerøyr og ikkje så "matchande", men knallgod gul Solo-brus!
I glaset er det mørk sjokolade forma som bokstavklossar. Form til å lage bokstavklossar, auger til muffinsane, konditorfargar og anna utstyr kan kjøpast på Tonstad Bakeri! :)
 
 
Til slutt eit bilete av vår nydligste Snekkerdatter som då var 22 mnd. I Sirdalsbunad. Elsk!

Meir om husbygging!

Nå er me inne i ein veldig aktiv fase. Nå skjer ting i ein fei og me må bestemme oss for mykje. Me har for eksempel bestemt oss for kjøkken- og vaskeromsinnredning. Det vart eit kvitt tradisjonelt kjøkken frå Kjøkkensenteret i Egersund av merket Nettoline, me bestilte det på torsdag! Me tok samme innredninga på vaskerommet òg! På torsdag var me i byen, så då fekk me òg kjøpt oss ein vaskeservant, smat fliser til vaskerommet. Eg hadde jo ein draum om å ha miljøvennlege linoleumsfliser, men det blei ikkje det.. Eg anbefaler likevel andre om å Google eit slikt golv om dei skal pusse opp eit kjøkken eller noko. Veldig bra trur eg!
 
Her ser de vaskerommet:

 
Dette synes me sjølvsagt blei veldig kult! ;) Nokon seier at dei fort vert lei sjakkbrett-mønsteret, men eg vonar at det går bra då det er i vaskerommet. Då vert eg ikkje sitjande og kikke på det i mange timar! Innredninga vil kome til venstre i biletet. Vidare rett fram ser me inn i spisestua/kjøkkenet og rett fram er karnappen med "fininngang". Eg står i "grovinngangen" og tek biletet.
 
Og sidan eg fyrst bloggar, så kjem det her nokre bilete av korleis det ser ut i huset nå, berre innerdører og lister som manglar! Eg er òg veldig usikker på kor tid det kjem eit blogginnlegg neste gong, er redd det vert lenge til, så difor oppfordrar eg dykk heller til å kome på besøk og sjå når me har flytta inn! Me tenkjer påsken, så hvis du er påsketurist i desse strøk, så håpar me at du har vit til å ta turen innom!!;)
 
Her er det største soverommet oppe:
 
 
Det har ein heil vegg (til venstre) i tømmer. På heile loftet har me løfta taket til møne, som tidlegare nemnt, og me har kledd panel og slikt rundt bærestokkane. Her manglar me no berre eit vindauge, dører og listverk.
 
Her er stova vår:
 
 
Her manglar me òg berre innerdører, litt maling på nokre bjelkar og listverk. Deretter kan skap, sofaer og bord koma. Det vert GØY!!
 
Innafor stova har me eit kammers. Det har me mala kvitt:
 
 
(I førre blogg-innlegg var det eit bilete der eg stod i døra mellom stova og spis/kjøkken og såg inn til stove/kammers.)
 
Ut i frå stova går me inn i spisestue/kjøkken. Her er den delen som vert kjøkken:
 
 
Tømmerveggen var mala oransje før. Me har mala han i fargen "kalk" frå Jotun. Litt gråaktig. Kjøkkeninnredninga skal stå langs ved tømmerveggen.
 
Og i midten av huset framme, ut ifrå spisestue/kjøkken har me karnappen:

 
Den har fått alt nytt, pluss ei dør til "fininngang":

 
Til slutt eit bilete av badet ferdig fliselagt:

 
Som tidlegare vist, så er den eine veggen i tømmer. Foran den kjem det ein gammal sjenk som me skal setje vask på. Sjenken har me fått frå dei kjekke naboane me hadde på Tasta, då me budde der.
Flisene er beige og varme. Slik me likar!
 
Og nå ser me på møblar og ting og tang som me manglar, samt ordnar på det me har. Om ikkje lange stunda kan me byrje å vaske ned, innrede og flytte ut dit!
 
Ha ein fin lørdagskveld!!:)

Når ein byggjer hus..


Det er travelt å gå frå ein til to ungar, det veit mange, men oppi all travelheten kosar me oss med to nydelege barn! Og så var det husbygginga som kjem på toppen. Eller: oppussinga av småbruket vårt. Det får diverre ikkje førsteprioritet, og heller ikkje andre eller tredje... På ein fjerdeplass kanskje..:P Snekkeren jobbar på huset når han kan, og av og til får han litt hjelp også, det er konge! Til nå kan me oppsummere framgangen slik:
- Me reiv reint og heiv alt gamalt og råte. Me fekk fram tømmerveggen og planla korleis me ville ha dei to etasjane.
- Det vart isolert. Eit iskaldt hus i utgangspunktet, bygd i ca 1875, og avisane frå 1929 held heller ikkje vinterkulda i Sirdal ute! Og etter det byrja me med å plate veggjane med huntonittplater, i kvit farge.
- Strømmen er komen på plass. Alt måtte bli nytt, me må ha det trygt og sikkert. Antal lyskjelder og støpsel auka kanskje med 900%! Dvs at det var lite kontaktar før..
- Taket på loftet vart spikra opp. Me fekk takpanel på tilbod. Det er fordelen med å ha god tid! Ein sler til på eit tilbod når det kjem, og på den måten sparar pengar. Hurra!
- Golv er på plass. Der fekk me óg eit kjempetilbod og takkar Vår Herre for det! :)
- Røyrleggjaren har vore der og om ei vekes tid trur eg at fliseleggjaren er godt i gang.
- Alle vindauge og dører har blitt nye. Gilje Tre leverer varene!;)
- Listverk kjem opp litt etter litt. Me har vald gamaldagse lister som likna litt på nokre gamle lister som me fann på låven. Det er kjekt å herme litt etter slik det ei gong var.. :)
- Nå har me kome der at me skal finne kva kjøkken me vil ha, vaskerom-, og baderomsinnredning. Møblar og lyskjelder er óg ting me har i tankeboksen no. Det vert nok litt blanding av gamalt og nytt.. Litt frå både det eine, og det andre, -OG det tredje siste århundret! Så det er nå moroa starter. Nå ska me få leike interiørdesignarar (haha) og kose oss med korleis det skal bli. Førebels trur me at me flyttar til påsken, men tida vil vise!!:) :) Skal prøve å leggje til nokre bilete óg!!


Over ser du badet. Her vil me ha ein tømmervegg synøeg. Forann den vert vasken med kommode under. Kanskje vert det ei glasplate mellom veggen og rommet, men eg synes det er ganske tøft med den grove timmerpanelen, så me får sjå!


Over er me i stua og kikker så vidt inn på kammerset. På kammerset har me mala tømra kvit, den var blå før, men me vil ha det meste kvitt og nøytralt slik at småtinga i interiøret kan ha mykje fargar.. kanskje...:) Stova er ganske liten, den har ingen timra vegger synlege. Her vil me ha gode stolar og sofaer, sjølv om me vil ha tv'en på loftet.. Så her håpar me på mykje kjekt besøk frå vener både frå nært og langvegsfrå!!:)


Til slutt eit lite glimt av kjøkkenkroken. Her har me mala timra i fargen "kalk". Ikkje heilt grå, men litt grå, det vert uansett ein fin kontrast til det kvite kjøkkenet me skal ha.
Under vindauget til høgre og vidare langs veggen vil kjøkkenbenken kome. Meir veit me eigentleg ikkje. Me får forslag på teikningar kanskje i neste veke! Det vert kjekt.

Dette var ei oppdatering - kjekt å dele litt med dykk gode vener som bur såå langt ifrå og kjekt å dele med dykk gode vener og naboar som er nysgjerrige her heime!!;) 

Ha ein fin og kald vintersdag!! Klem frå Snekkerfrua!!

Nyårsvake og nyårsønskje.

Dei siste dagane av tjue tretten har eg tenkt mykje på det nye året. Me skal halde nyårsvake i lag med andre familiar, i ei større tilstelning. Det er faktisk óg nøyaktig ti år sidan eg sist var med på ei så stor feiring, berre den gong vaka me skikkeleg. I år har eg ei på tjuefem mnd og ein på fem mnd, mon tru kor lenge dei vil at mor og far skal halde koken..

((For dei som ikkje fekk nok jul i år, dei anbefalar eg å gå på YouTube og sjå "Barna i Bullebyen" og julefilmen. Det er nesten slik jul var då eg var liten. Fekk julestemning med ei gong!;) Og den koselegaste nyårsvaka i alle fall!))

Så var det nyårsønskjet. Det er ikkje snakk om noko "forsett" eigentleg, meir ein tanke om å gjere noko fint mot andre, som vert fint for ein sjølv.. Og om ein ikkje klarer å gjere det i tolv månadar, så går det godt det óg! Det kan fort bli strevsomt om ein skal ta seg sjølv høgtideleg!

Eg ønskjer at alt eg gir til nokon i gåve dette året, skal vere personleg, eller handlaga, med ein touch av noko anna enn eit samlebånd..så langt det lar seg gjere! Eg ønskjer ikkje å "kjøpe for å kjøpe", ingen skal få ein vase av meg med mindre dei nesten har peika han ut og gitt meg dådyrauge. :p Det vert litt vanskeleg med ein føreståande 30-, 60-, 90 års dag og eit føreståande bryllup så (alt i den næraste familien.) Men som sagt, dette er inga lov. Eg ser óg at det kan bli ei stor utfordring å handcrafte noko som helst, mtp små ungar, at me skal pakke ned og flytte, +++, men, men, ein må pushe seg litt óg!;)

Difor, håpar eg, at mine vener og mine nære vil kunne sjå fram til sjølvskrive gratulasjonskort på meir enn fem ord, (eg skal leggje sjela i korta;p), fotobøker og malerier (hele, nei - eg maler diverre ikkje), men kanskje ei sydd pute... :p Det vert i alle fall ein personleg touch i lag med sokkane frå dressmann.. Og til bryllupet, kjære søster, skal du få alt du peikar på...I lag med det heimelaga gratulasjonskortet! :)

Eg utfordrar DEG til å gjere det same. Ikkje gå på Kremmerhuset eller Moods i siste liten. Gi frå hjarte det neste året. Ikkje la pengegrensa bestemme kor stor gåva må vere. Gi det du vil og det du kan. Kjærleik og omtanke vert hugsa lenger enn design og merkelappar..

Som til jul ønskja eg meg éin ting fra nevøen min; ei teikning som han hadde laga. Meir personleg og ekte vert det nesten ikkje frå ein fireåring..;)

God nyårsvake og dei beste ønskjer for deg i det nye året!

PS: Den største gåva eg har fått, er evig liv gjennom Jesus! Det er kjærleik det.